Tilbake

Brukarmedverknad

Brukarmedverknad er ein lovfesta rett som har som mål å betra kvaliteten på tenestene ved at brukarane får reell moglegheit til å påverke val og utforming av tenestetilbodet. Det inneber at tilbodet så langt som råd vert utforma i samarbeid med brukaren, og at det vert lagt stor vekt på brukaren sine ønsker.

Brukar har rett til å medverke og kommunen har plikt til å involvere brukaren. 

Barn og unge og deira meiningar skal alltid vektleggast i aukande grad etter alder og modning i saker som gjeld dei. Dette er nedfelt både i Barnekonvensjonen og i Noregs grunnlov §104, og er noko som alle tenester må sørge for å ivareta på best mogleg måte. Dette er også spesifisert i  Barnehageloven §3 og i Opplæringslova.

Aukra kommune har ulike fora og råd der barn og unge og deira familiar har brukarmedverknad. Eksempel på det er ungdomsråd, kommunestyre og utvalsmøter.