Her er ei samla oversikt over kommunen sine tverrfaglege og tverrsektorielle møtepunkt på individ- og systemnivå der barn og unge og deira behov står i fokus. Du vil finne meir informasjon om tverrfagleg samhandling på tenestenivå.
SLT i Aukra
SLT – Samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid
Aukra har organisert det rus- og kriminalitetsførebyggande arbeidet etter SLT-modellen som er ein tre-nivå modell med eigen SLT-koordinator. SLT er ein samordningsmodell for lokale, førebyggande tiltak mot rus- og kriminalitet for barn og unge frå 0-25 år, og blir nytta av om lag 200 norske kommunar. Les meir her. Det er tverrfagleg møteverksemd på systemnivå på alle dei tre nivåa i Aukra.
Oversikt over organisering, fokusområde og møteverksemd finn du i Aukra sin SLT-handlingsplan for 2025.