Til ei kvar tid er det barn og unge som har behov for eit samansett tenestetilbod med oppfølging som involvera fleire aktørar i velferdstenestene. For å styrke oppfølginga av utsette barn, unge og deira familiar, er det med verknad frå 1. august 2022 vedtatt bestemmingar om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan. Dei nye bestemmingane har medført endringar i 13 lovverk.

Følg denne lenka for å lese rettleiaren:
Samarbeid om tjenester til barn og unge og deres familier 

Gjennom tverrfagleg samhandling får tenestene betre og gjensidig forståing for kvarandre sine oppgåver. Tenestene blir også betre på å koordinera innsats og ansvar, slik at oppfølginga blir meir heilskapleg og samanhengande.

Trykk her om du vil vite meir om teieplikt, opplysningsrett og -plikt.

Tverrfagleg samarbeid mellom Aukra kommune sine tenesteområde

Aukra kommune har utarbeid ein tabell med oversikt over sine tverrfaglege samarbeidsarenaer på system- og individnivå. Oversikta finn du ved å følgje lenkja under:

Tverrfaglege samarbeidsarenaer i Aukra

Oversikta skal bidra til å gjere dei ulike møta kjent for tilsette som jobbar med barn, unge og deira familiar i Aukra. Oversikta gjer det også enklare for brukarar av offentlege tenester å orientere seg kring kommunen si møteverksemd.