Tilbake

Rutinar og verktøy

Rutinar og verktøy for samhandling, identifikasjon og oppfølging av barn og unge, samt prosedyrar som gjeld for dei enkelte tenestene.

Barnehage

heimesida til kommunen er det ei oversikt over barnehagar i Aukra. Der ligg også lenker til aktuelle dokument som er gjeldande for barnehagane.
Compilo er kvalitets- og avvikssystemet til Aukra kommune. Her kan dei tilsette logge seg inn og finne ei fullstendig oversikt over alle rutinar og prosedyrer som omhandlar barnehagen.

Under har vi trekt fram dei viktigaste som kan vere med å støtte opp rundt arbeidet med å fange opp barn og unge som ein er uroa for:

Barnehagane har samarbeidsavtalar med fleire av dei ulike tenestane.

Grunnskole og SFO

heimesida til kommunen er det ei oversikt over skole og SFO i Aukra. Der ligg også lenker til aktuelle dokument som er gjeldande.
Compilo er kvalitets- og avvikssystemet til Aukra kommune. Her kan dei tilsette logge seg inn og finne ei fullstendig oversikt over alle rutiner og prosedyrer som omhandlar skole og SFO.

Under har vi trekt fram dei viktigaste som kan vere med å støtte opp rundt arbeidet med å hjelpe barn og unge som ein er uroa for i skole og SFO:

Helse

Helsestasjon, skolehelsetenesta og jordmor

Helsestasjon og skolehelsetenesta jobbar helsefremmande og førebyggande og tilbyr oppfølging av gravide og barn og unge i alderen 0-20 år.  Det er eit frivillig tilbod, men dei fleste barn og familiar nyttar seg av denne tenesta. Jordmor og helsesjukepleiar er derfor ein viktige ressurs for å avdekke og følge opp uro eller bekymring rundt eit barn, ungdom eller foreldre. Informasjon om helsestasjon, skolehelsetenesta og jormortenesta i Aukra finn du ved å følge denne lenka.

Compilo er kvalitets- og avvikssystemet til Aukra kommune. Her kan dei tilsette logge seg inn og finne ei fullstendig oversikt over alle rutiner og prosedyrer som omhandlar helsestasjon, skolehelsetenesta og jordmortenesta.

Det er utarbeid fleire nasjonale retningslinjer som legg føringar for organisering og innhold i tenesta, og som kan bidra til å sikre at utsette barn blir fanga opp. Helsesatsjonen i Aukra kommune følger desse retningslinjene. Dei viktigaste retningslinjene finn du i lista under.

Fastlege

Fastlegen har ansvar for koordinering av dei medisinskfaglege tenestene for barn og unge på si liste og skal vere merksam på symptom og teikn på omsorgssvikt i dagleg virke. Fastlegen har generell plikt om melding til barnevern ved grunn til å tro at barn er utsett for alvorleg omsorgssvikt.

Lenka under viser veg i arbeidet ved henvisning av barn og unge som har behov for utredning/behandling hos BUP

Pleie og omsorg

Informasjon om tenesta finn du på kommunen sine heimesider

Det er trekt ut nokon aktuelle rutinar frå denne teneste som er lista opp under:

Psykisk helse og rus

Informasjon om tenesta finn du på kommune sine heimesider.
Det finnes ein eigen plan for psykisk helse og rus i Aukra. Følg denne lenka om du vil lese i planen.

Det er trekt ut nokon aktuelle rutinar frå denne teneste som er lista opp under:

Kommunepsykolog

Kommunepsykologen  er psykologspesialist i Aukra kommune og jobbar med systemarbeid knytt til barn og unge si psykiske helse. Dette inneber rettleiing, undervisning og samarbeid med leiarskap i skole, barnehage og på helsestasjon. Stillinga er ei delstilling på om lag 40 %.

Ergoterapi

Ergoterapi er eit tilbod til dei som på grunn av nedsett funksjonsevne har vanskar med å leike og utføra kvardagslige aktivitetar, eller står i fare for å få slike vanskar. Ergoterapeutar har fokus på førebygging og tidleg innsats for å fremje aktivitet, deltaking og inkludering for barn og unge med ulike utfordringar i kvardagslivet. Oppfølginga kan vere i barnehagen, på skolen og i heimen til barnet som opplever aktivitetsvanskar.

Fysioterapi

Fysioterapeuten har kompetanse til å vurdere funksjonsproblem og bidra til tiltak som kan styrke barn og unge si funksjonsevne og deltaking. Fysioterapeuten kan vurdere, søkje og tilpasse hjelpemiddel for målgruppa.

Institusjon og avlastning

Koordinerande eining

Koordinerande eining skal medverke til å sikre eit heilskapleg tilbod til pasientar og brukarar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering. Eining har også eit overordna ansvar for arbeidet med individuell plan og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator og barnekoordinator.

Viss tenestemottakar har rett på individuell plan eller barnekoordinator/alminneleg koordinator må dette søkjast om til koordinerande eining. Søknadsskjema og informasjon om tenesta finn du på kommunen sine heimesider under Koordinerande eining.

Innvandring og integrering

Når ein flykting har fått opphaldsløyve, fattar IMDI vedtak om busetting i ein norsk kommune. Det er kommunestyret som fattar vedtak om kor mange flyktningar som skal busettast i kommunen kvart år. Kommunen, ved eining for innvandring og integrering har ansvar for å fylgje opp vedtaket og leggje til rette for busetting og deltaking i introduksjonsprogram. Målet med arbeidet er å gjere deltakarane til sjølvstendige og aktive bidragsytarar i samfunnet.

Eining for innvandring og integrering bidreg med:

  • hjelp til etablering i bustad
  • praktisk hjelp og rettleiing i lokalsamfunnet
  • tilbod om introduksjonsprogram
  • integreringsaktivitetar

Vaksenopplæringa gir tilbod om grunnskoleopplæring etter opplæringslova og norskopplæring for innvandrarar. Les meir om dette på kommunen sine heimesider

PPT

PPT skal hjelpe barn, elevar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Hensikten er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. PPT skal også hjelpe barnehagar og skular med å legge til rette for barn og elevar med særskilde behov. PPT har både system- og individretta oppgåver, og det er viktig å sjå desse oppgåvene i samanheng.

Informasjon om pedagogisk psykologisk teneste for Molde og Aukra får du ved å følge denne lenka. Om du treng meir kunnskap om PPT kan du lese meir på utdanningsdirektoratet si heimeside.

Barnevern

Barnevernet jobbar etter lov om barnevern, og loven skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp, omsorg og beskyttelse til rett tid.

Barneverntenesta har ansvar for å gi hjelp, omsorg og beskyttelse når det er nødvendig på grunn av barnet sin omsorgssituasjon eller åtferd.

Barneverntenesta skal kartlegge utfordringar og behov barn og familiar har, og saman med dei finne fram til løysningar og bidra til å skape endring. Viss du ønskjer meir kunnskap om barnevernet kan du lese på Bufdir sine heimesider. Informasjon om barneverntenesta i Molde, Aukra og Vestnes finn du her

Forløp og prosedyrer:

Nasjonalt forløp for barnevern
Bekymringsmelding til barnevernet (ks.no)
Saksbehandlingsrundskrivet (bufdir.no)

Samarbeid om tjenester til barn, unge og deres familier – Helsedirektoratet

NAV

NAV er navnet på Arbeids- og velferdsforvaltningen. I NAV samarbeider stat og kommune om å tilby ei dør inn til dei offentlege arbeids- og velferdstenestene. Her kan du lese meir om kva NAV er, korleis dei er organisert, og korleis dei jobbar for å løyse samfunnsoppdraget sitt.

Aktuelle lenker:

Forside privatperson – nav.no
Om NAV Aukra
Gratis kurs i personleg økonomi

Krisesenter

Krisesenterloven pålegger alle kommunar å sørge for eit godt og heilheitlig tilbod til kvinner, menn og barn som er utsatt for vald eller truslar om vald, i nære relasjonar.

Krisesenteret for Molde og omegn IKS er eit tilbd til innbyggarane i Aukra, Gjemnes, Hustadvika, Molde, Rauma, Sunndal og Vestnes. Dei same kommunane har utarbeidd ein felles digital Handlingsplan mot vald i nære relasjonar.

Om du ønskjer å lese meir om krisesenteret sine tilbod, digitale nettressurar, opningstider med meir, følger du denne lenka

Kultur, fritid og frivilligheit

Aukra kommune har eit rikt og variert kulturtilbod til barn og unge. Kommunen si heimeside har ei oversikt over desse tilboda her

Du finner oversikt over lag og organisasjonar i kommunen her

Alle har noko å gje og alle treng ei hand. Aukra frivilligsentral brenn for at mennesker skal møtast og berike kvarandre. Å bidra for andre gjennom frivillig innsats skapar ny meining i livet. Aukra frivilligsentral har også ei eiga utstyrssentral kalla BUA. Her kan ein låne gratis utstsyr til friluft og aktivitet.

Aukra kommune har etablert ei tilskotsordning kalla «kontantkassa» som skal bidra til at barn og unge  mellom 6 og 18 år kan delta på ein fritidsaktivitet. Les meir om kontantkassa her

Kulturavdelinga har eigne tilsette knytt opp mot arbeidet “Systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn”:

Kommunal bolig

Personar som ikkje klarer å skaffe seg ein eigna bustad sjølv eller med anna offentleg hjelp eller har behov for ein bustad som er særleg tilpassa grunna alder, funksjonshemming og/eller andre årsaker, kan søkje om å leige kommunal bustad.

Under finn du lenkjer til retningelinjen kring dette.

Retningsliner for tildeling av kommunal bustadar i Aukra kommune

Meir informasjon om kommunen sine boligar og søkekriteria finn du ved å følge denne lenka: Kommunal bustad, startlån og bustønad – Aukra kommune