Brukarmedverknad inneber at brukaren blir sett på som ein likeverdig part i samtalar og avgjersler som gjeld hans eller hennar utfordring. Det viktigaste i møtet er god kommunikasjon og at alle partar er opne og lyttar til kvarandre.
Når brukaren treng hjelp til å meistre kvardagen er det nokon punkt som er særs viktige å hugse på for at hjelpar og brukar saman skal komme fram til optimal hjelp og støtte:
- å bli teken på alvor
- å verta behandla med respekt
- å føle tillit og tryggleik
- å få hjelp når behovet er der
Nokon gonger må ein tenkje nytt for å få til eit likeverdig samarbeid. Brukarerfaring og fagkunnskap må vera likeverdige grunnpilarar i arbeidet med både den enkelte og med utvikling av kommunen sine tenester.
På einingsnivå har Aukra kommune brukarmedverknad på følgjande måtar:
- Elevråd
- Foreldrerådsutval
- Samarbeidsutval
- Skulemiljøutval
- Elevundersøking
- Foreldreudersøking barnehage
- Resultat Ungdata-undersøking Aukra 2017 og 2021