Kommunen har gjennomført to kartleggingar i samband med innføring av BTI. Rapportane frå kartleggingane har vore viktige dokument i det pågåande arbeidet med å oppnå rett og oppdatert kompetanse for dei oppgåvene som skal løysast i kommunen, og for at innbyggarane skal få gode og heilskapelege tenester.
Kompetansekartlegginga blei gjennomført blant tilsette i Aukra i 2022. Formålet med kartlegginga var å kartlegge kva slag kunnskap, kompetanse og rutinar som finst i kommunen, med relevans for arbeidet med systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn.
For å lese den samla rapporten frå BTI-undersøkinga følger du denne lenka: BTI-undersøking – Aukra 2022
FØREBYGGANDE PLAN 2025-2028
Aukra kommune sin Førebyggande plan 2025-2028, vedtatt av kommunestyret i november 2024, er utarbeidd for å styrke arbeidet med å førebygge omsorgssvikt og åtferdsutfordringar hos barn og unge.
Bakgrunnen for planen er den nye barnevernsreforma som tredde i kraft i 2022. Reforma pålegg kommunane å utarbeide ein plan som tydeleggjer ansvaret for tidleg innsats og samordning av tenester, slik at barn og unge får hjelp før problem utviklar seg.
Planen byggjer på kartleggingar av kommunen sine tenester og tilsette sine føresetnader for å løyse oppgåver knytt til sårbare barn og unge. Den peikar på både styrkar og forbetringspotensial, og skisserer konkrete tiltak for å nå måla om forbetring.
Tiltaka i planen skal prioriterast av einingsleiarane i ein årleg samankomst. Denne samankomsten skal resultere i ein framdriftsplan som sikrar systematisk oppfølging og gjennomføring av tiltaka.
Dei prioriterte tiltaka for 2025 finn du i Framdriftsplan for 2025
Dei prioriterte tiltaka for 2026 finn du i Framdriftsplan for 2026