Til ei kvar tid er det barn og unge som har behov for eit samansett tenestetilbod med oppfølging som involvera fleire aktørar i velferdstenestene. For å styrke oppfølginga av utsette barn, unge og deira familiar, er det med verknad frå 1. august 2022 vedtatt bestemmingar om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan. Dei nye bestemmingane har medført endringar i 14 lovverk.
Samarbeid om tjenester til barn og unge og deres familier er den nasjonale rettleiaren knytt til endringane i lovverket. Ved å trykke her kjem du til nasjonal rettleiar kring teieplikt, opplysningsrett og opplysningsplikt i forvaltninga.
VISMA FLYT SAMSPILL – ENKLARE SAMARBEID FOR BARN, UNGE OG FAMILIAR
Aukra kommune har innført Visma Flyt Samspill som felles plattform for koordinering og samarbeid i saker der fleire tenester er involvert. Dette er i tråd med nye lovkrav og nasjonale føringar om betre samordning. Med Visma Flyt Samspill får føresette/brukar betre oversikt og kan delta aktivt i prosessen saman med dei som gir hjelp.
Kva er Visma Flyt Samspill?
Visma Flyt Samspill er eit elektronisk verktøy som legg til rette for strukturert samhandling og brukarmedverknad. Plattformen blir nytta til mellom anna til Individuell Plan (IP) og Stafettlogg (BTI) – for å koordinere innsats på tvers av tenester.
Kvifor nyttar vi dette?
- Forenklar kommunikasjon mellom tenester og med brukar/føresette.
- Sikrar at alle har tilgang til oppdatert informasjon.
- Styrkar samarbeid og ansvarleggjering.
Les meir om Visma Flyt Samspill her
TILTAKSKORT FOR HANDLING OG SAMHANDLING NÅR DU ER UROA FOR EIT BARN / EIN UNGDOM
Utdanningsdirektoratet, Bufdir, Politidirektoratet og Helsedirektoratet har laga tiltakskort som er tilpassa dei ulike sektorane og som gir tydelege råd for korleis skole, helse, barnevern og politi kan handle og samarbeide når det er bekymring for barn og unge – med fokus på tidleg innsats og trygg informasjonsdeling. Under finn du tiltakskorta til dei ulike etatane:
Tiltakskort, Bufdir:
- Tiltakskort for barnevernstjenesten: handling og samarbeid når du er bekymret for et barn eller en ungdom | Bufdir
- Tiltakskort for handling og samarbeid når du er bekymret for et barn eller en ungdom | Bufdir
- Tiltakskort for krisesenter: handling og samarbeid når du er bekymret for et barn eller en ungdom | Bufdir
Tiltakskort Helsedirektoratet:
Tiltakskort utdanningsdirektoratet:
SAMARBEIDSARENAER PÅ SYSTEM- OG INDIVIDNIVÅ I AUKRA KOMMUNE
Aukra kommune har utarbeid ei oversikt over sine tverrfaglege samarbeidsarenaer på system- og individnivå. Oversikta finn du ved å følgje lenkja under:
Oversikt over tverrfagleg samarbeidsarenaer i Aukra
Oversikta skal bidra til å gjer dei ulike møta kjent for tilsette som jobbar med barn, unge og deira familiar i Aukra. Oversikta gjer det også enklare for brukarar av offentlege tenester å orientere seg kring kommunen si møteverksemd.
Samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak (SLT)
Aukra kommune har organisert det rus- og kriminalitetsførebyggande arbeidet etter SLT-modellen – ein tre-nivå struktur med eigen SLT-koordinator. Modellen byggjer på tett samarbeid mellom kommune, politi og andre relevante aktørar for å samordne innsatsen og skape trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge. Gjennom felles møtearenaer og koordinert arbeid kan ein oppnå rett hjelp til rett tid, med ein effektiv og kunnskapsbasert innsats som fangar opp utfordringar tidleg og sikrar heilskaplege løysingar. Trykk her om du vil lese om SLT-arbeidet i Aukra (organisering, møteverksemd, fokusområde med meir)