Evaluering er eit viktig element i korleis ein samhandlar og korleis ein opplever samhandling mellom fagpersonar og tenester. Kommunen skal med jamne mellomrom vurdere sitt arbeid, og Aukra kommune har vald å nytte Compilo som kvalitetssystem der alle gjeldande rutinar skal kunne finnast og der ein skal rapportere avvik.

Handlingsrettleiaren i Betre Tverrfagleg Innsats legg opp til faste evalueringsmøter mellom fagpersonar og brukarar. På denne måten vil ein jamnleg få evaluert arbeidet i kvar enkelt sak.

På individnivå vil kommunikasjonen mellom partane og tilbakemeldingar frå brukar gje eit grunnlag for vurdering av både arbeidet som er utført med kvar enkelt brukar, men også for diskusjon og vurdering kring endring av praksis i tenesta som heilhet.

Evaluering individnivå

På individnivå har Aukra kommune desse fora for evaluering av samhandling og arbeidet i tjenestene:

  • Utviklingssamtaler lærar – elev – føresett
  • Barnesamtale i barnehagane
  • Brukarmøte
  • Samarbeidsmøter
  • Ansvarsgrupper

Eveluering ein del av handlingsrettleiaren

Ei avgjerande oppgåve på kvart nivå i handlingsrettleiaren er å evaluere tiltak og hjelp som er blitt gitt. Etter at tiltak er prøvd ut skal eit eige evalueringsmøte gjennomførast der alle involverte partar drøfter i kva grad tiltak har ført til at barnet sin situasjon har endra seg. Denne evalueringa skal også innehalde barnet si oppleving av endring. På bakgrunn av evalueringa blir det tatt ei avgjerd om vidare oppfølging:

  • Skal tiltaket bli avslutta?
  • Tiltaket har effekt, men er framleis ikkje i mål og arbeidet fortsetter?
  • Er det andre tiltak som kan iversettast?
  • Tiltaket har ikkje gitt ønska effekt? Er det behov for hjelp frå andre tenester?