Korleis barn kommuniserer at dei har det vanskeleg vil variere frå barn til barn. Ei liste over signal vil difor aldri kunne vere fullstendig og signala må sjåast i forhold til barnet sin alder og situasjon.

Hjelpemiddel til samtale og observasjon:

BTI er ein samhandlingsmodell for tenester som møter gravide, barn, unge og foreldre det er knytt undring eller bekymring til. Hensikta med BTI-modellen er å kvalitetssikre ein heilskapleg og koordinert innsats, utan at det blir brot i oppfølginga. BTI bidrar til tidleg innsats, samordning og medverknad. BTI-modellen beskriv arbeidsprosessar og samhandling mellom tenestene, og viser veg frå bekymring til handling.

Lenka under sender deg vidare til BTI-handlingsrettleiar
BTI – Betre samarbeid for barn og unge i Aukra