Familielivet består av store og små hendingar som kan gjer barn til pårørande på ulike måtar. Enkelte barn opplever at det skjer noko akutt med mamma, pappa eller søsken – ein eller fleire gonger i løpet av oppveksten. For andre er det å vere pårørande ein del av kvardagen.

Stortinget har ved lov 16. juni 2017 nr. 53 vedtatt følgande endringar:

  • Ei utviding av helsepersonelloven §10a som gjer at helsepersonell også får ei plikt til å ivareta mindreårige barn som pårørande til søsken med alvorleg helseproblem (psykisk sykdom, rusmiddelavhengigheit eller alvorleg somatisk sjukdom eller skade).
  • Helsepersonelloven §10b gir helsepersonell plikt til å ivareta mindreårige barn som etterlatte etter foreldre eller søsken som dør.

Tilsette i Aukra kommune skal bruke kommunen sin BTI-handlingsrettleiar og iverksette hjelp og støtte til barn og søsken som pårørande. For “barn som pårørande” har kommunen utarbeid eigne rutinar og verktøy som du finn ved å følge denne lenka: Rutinar og verktøy – Samhandlingsmodell for Aukra kommune.

Ressursar til bruk i samtale med vaksne og barn: