Rutinar og verktøy for samhandling, identifikasjon og oppfølging av barn og unge, samt prosedyrar som gjeld for dei enkelte tenestene.
Felles for alle tenesteområde
Kommunen har fleire tverrfaglege rutiner som gir klare føringar for korleis ein skal gå fram om ein er uroa for eit barn, og korleis ein kan samhandle med både foreldre og andre tenester. Her har vi trekt fram dei mest aktuelle:
- BTI – Betre tverrfagleg innsats knytt til barn og unge i Aukra
- Rutine for stafettlogg
- Barn og unges helseteneste – Helse Møre og Romsdal
- SLT-handlingsplan for 2024
- Flytskjema ved mistanke om vald og overgrep mot barn
- Flytskjema ved sjølvmordsfare
- Flytskjema ved mistanke om vald mot vaksne
- Prosedyre – Barn som pårørande
- Kartleggingsskjema – Barn som pårørande
- Samtale med foreldre – Barn som pårørande
- Bekymring for gravid
- Tverrfaglege samarbeidsarenaer i Aukra
- Handlingsplan mot vald i nære relasjonar
- Rettleiar ved bekymring for radikalisering og valdeleg ekstremisme i Aukra
- Rutine for ungdomsLOS i Aukra
- Rutine for rusførebygging i Aukraskolen
Barnehage
På heimesida til kommunen er det ei oversikt over barnehagar i Aukra. Der ligg også lenker til aktuelle dokument som er gjeldande for barnehagane.
Compilo er kvalitets- og avvikssystemet til Aukra kommune. Her kan dei tilsette logge seg inn og finne ei fullstendig oversikt over alle rutinar og prosedyrer som omhandlar barnehagen.
Under har vi trekt fram dei viktigaste som kan vere med å støtte opp rundt arbeidet med å fange opp barn og unge som ein er uroa for:
- Plan for eit godt psykososialt miljø i Aukrabarnehagen
- Aktivitetsplikta – Skjema for varsling i Aukrabarnehagen
- Mal for skriftleg aktivitetsplan i Aukrabarnehagen
- Plan for overgang mellom barnehage og skole
- Søknad om tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne, jf. barnehagelova § 37
Barnehagane har samarbeidsavtalar med fleire av dei ulike tenestane.
Grunnskole og SFO
På heimesida til kommunen er det ei oversikt over skole og SFO i Aukra. Der ligg også lenker til aktuelle dokument som er gjeldande.
Compilo er kvalitets- og avvikssystemet til Aukra kommune. Her kan dei tilsette logge seg inn og finne ei fullstendig oversikt over alle rutiner og prosedyrer som omhandlar skole og SFO.
Under har vi trekt fram dei viktigaste som kan vere med å støtte opp rundt arbeidet med å hjelpe barn og unge som ein er uroa for i skole og SFO:
- Plan for overgang mellom barnehage og skole
- System for å følgje opp elevane sitt læringsmiljø
- Mal for skriftleg aktivitetsplan
- Aktivitetsplikta – skjema for varsling
- Kvar dag tel – plan for skolenærvær i aukraskolen
- Kommunale vedtekter for SFO
- Informasjon om redusert foreldrebetaling i skolefritidsordninga
- Rutine for ungdomsLOS i Aukra
- Rutine for rusførebygging i Aukraskolen
Helse
Helsestasjon, skolehelsetenesta og jordmor
Helsestasjon og skolehelsetenesta jobbar helsefremmande og førebyggande og tilbyr oppfølging av gravide og barn og unge i alderen 0-20 år. Det er eit frivillig tilbod, men dei fleste barn og familiar nyttar seg av denne tenesta. Jordmor og helsesjukepleiar er derfor ein viktige ressurs for å avdekke og følge opp uro eller bekymring rundt eit barn, ungdom eller foreldre. Informasjon om helsestasjon, skolehelsetenesta og jormortenesta i Aukra finn du ved å følge denne lenka.
Compilo er kvalitets- og avvikssystemet til Aukra kommune. Her kan dei tilsette logge seg inn og finne ei fullstendig oversikt over alle rutiner og prosedyrer som omhandlar helsestasjon, skolehelsetenesta og jordmortenesta.
Det er utarbeid fleire nasjonale retningslinjer som legg føringar for organisering og innhold i tenesta, og som kan bidra til å sikre at utsette barn blir fanga opp. Helsesatsjonen i Aukra kommune følger desse retningslinjene. Dei viktigaste retningslinjene finn du i lista under.
- Retningslinje for helsestasjon og skulehelsetenesten
- Retningslinje for barselomsorgen
- Retningslinje for for tidleg fødde barn
- Retningslinje for svangerskapsomsorgen
- Retningslinje for forebygging, utredning og oppfølging av overvekt og fedme hos barn
- Pakkeforløp: Gravide og rusmidler
- Pakkeforløp- Psykiske lidelser barn og unge
Fastlege
Fastlegen har ansvar for koordinering av dei medisinskfaglege tenestene for barn og unge på si liste og skal vere merksam på symptom og teikn på omsorgssvikt i dagleg virke. Fastlegen har generell plikt om melding til barnevern ved grunn til å tro at barn er utsett for alvorleg omsorgssvikt.
Lenka under viser veg i arbeidet ved henvisning av barn og unge som har behov for utredning/behandling hos BUP
Pleie og omsorg
Informasjon om tenesta finn du på kommunen sine heimesider
Det er trekt ut nokon aktuelle rutinar frå denne teneste som er lista opp under:
- Prosedyre – Barn som pårørande
- Kartleggingsskjema – Barn som pårørande
- Samtale med foreldre – Barn som pårørande
- Informasjonsbrosjyre – Pakkeforløp kreft
Psykisk helse og rus
Informasjon om tenesta finn du på kommune sine heimesider.
Det finnes ein eigen plan for psykisk helse og rus i Aukra. Følg denne lenka om du vil lese i planen.
Det er trekt ut nokon aktuelle rutinar frå denne teneste som er lista opp under:
- Flytskjema ved sjølvmordsfare
- Flytskjema ved mistanke om vald og overgrep mot barn
- Flytskjema ved mistanke om vald mot vaksne
Kommunepsykolog
Kommunepsykologen er psykologspesialist i Aukra kommune og jobbar med systemarbeid knytt til barn og unge si psykiske helse. Dette inneber rettleiing, undervisning og samarbeid med leiarskap i skole, barnehage og på helsestasjon. Stillinga er ei delstilling på om lag 40 %.
Ergoterapi
Ergoterapi er eit tilbod til dei som på grunn av nedsett funksjonsevne har vanskar med å leike og utføra kvardagslige aktivitetar, eller står i fare for å få slike vanskar. Ergoterapeutar har fokus på førebygging og tidleg innsats for å fremje aktivitet, deltaking og inkludering for barn og unge med ulike utfordringar i kvardagslivet. Oppfølginga kan vere i barnehagen, på skolen og i heimen til barnet som opplever aktivitetsvanskar.
Fysioterapi
Fysioterapeuten har kompetanse til å vurdere funksjonsproblem og bidra til tiltak som kan styrke barn og unge si funksjonsevne og deltaking. Fysioterapeuten kan vurdere, søkje og tilpasse hjelpemiddel for målgruppa.
Institusjon og avlastning
- Etiske retningsline for avlastninga (Bergtun)
- Målsetting for avlastninga
- Rutine for brukarmedverknad
- Primær- og sekundærkontakt sine oppgåve
Koordinerande eining
Koordinerande eining skal medverke til å sikre eit heilskapleg tilbod til pasientar og brukarar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering. Eining har også eit overordna ansvar for arbeidet med individuell plan og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator og barnekoordinator.
Viss tenestemottakar har rett på individuell plan eller barnekoordinator/alminneleg koordinator må dette søkjast om til koordinerande eining. Søknadsskjema og informasjon om tenesta finn du på kommunen sine heimesider under Koordinerande eining.
Innvandring og integrering
Når ein flykting har fått opphaldsløyve, fattar IMDI vedtak om busetting i ein norsk kommune. Det er kommunestyret som fattar vedtak om kor mange flyktningar som skal busettast i kommunen kvart år. Kommunen, ved eining for innvandring og integrering har ansvar for å fylgje opp vedtaket og leggje til rette for busetting og deltaking i introduksjonsprogram. Målet med arbeidet er å gjere deltakarane til sjølvstendige og aktive bidragsytarar i samfunnet.
Eining for innvandring og integrering bidreg med:
- hjelp til etablering i bustad
- praktisk hjelp og rettleiing i lokalsamfunnet
- tilbod om introduksjonsprogram
- integreringsaktivitetar
Vaksenopplæringa gir tilbod om grunnskoleopplæring etter opplæringslova og norskopplæring for innvandrarar. Les meir om dette på kommunen sine heimesider
PPT
PPT skal hjelpe barn, elevar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Hensikten er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. PPT skal også hjelpe barnehagar og skular med å legge til rette for barn og elevar med særskilde behov. PPT har både system- og individretta oppgåver, og det er viktig å sjå desse oppgåvene i samanheng.
Informasjon om pedagogisk psykologisk teneste for Molde og Aukra får du ved å følge denne lenka. Om du treng meir kunnskap om PPT kan du lese meir på utdanningsdirektoratet si heimeside.
Barnevern
Barnevernet jobbar etter lov om barnevern, og loven skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp, omsorg og beskyttelse til rett tid.
Barneverntenesta har ansvar for å gi hjelp, omsorg og beskyttelse når det er nødvendig på grunn av barnet sin omsorgssituasjon eller åtferd.
Barneverntenesta skal kartlegge utfordringar og behov barn og familiar har, og saman med dei finne fram til løysningar og bidra til å skape endring. Viss du ønskjer meir kunnskap om barnevernet kan du lese på Bufdir sine heimesider. Informasjon om barneverntenesta i Molde, Aukra og Vestnes finn du her
Forløp og prosedyrer:
Nasjonalt forløp for barnevern
Bekymringsmelding til barnevernet (ks.no)
Saksbehandlingsrundskrivet (bufdir.no)
Samarbeid om tjenester til barn, unge og deres familier – Helsedirektoratet
NAV
NAV er navnet på Arbeids- og velferdsforvaltningen. I NAV samarbeider stat og kommune om å tilby ei dør inn til dei offentlege arbeids- og velferdstenestene. Her kan du lese meir om kva NAV er, korleis dei er organisert, og korleis dei jobbar for å løyse samfunnsoppdraget sitt.
Aktuelle lenker:
Forside privatperson – nav.no
Om NAV Aukra
Gratis kurs i personleg økonomi
Krisesenter
Krisesenterloven pålegger alle kommunar å sørge for eit godt og heilheitlig tilbod til kvinner, menn og barn som er utsatt for vald eller truslar om vald, i nære relasjonar.
Krisesenteret for Molde og omegn IKS er eit tilbd til innbyggarane i Aukra, Gjemnes, Hustadvika, Molde, Rauma, Sunndal og Vestnes. Dei same kommunane har utarbeidd ein felles digital Handlingsplan mot vald i nære relasjonar.
Om du ønskjer å lese meir om krisesenteret sine tilbod, digitale nettressurar, opningstider med meir, følger du denne lenka
Kultur, fritid og frivilligheit
Aukra kommune har eit rikt og variert kulturtilbod til barn og unge. Kommunen si heimeside har ei oversikt over desse tilboda her
Du finner oversikt over lag og organisasjonar i kommunen her
Alle har noko å gje og alle treng ei hand. Aukra frivilligsentral brenn for at mennesker skal møtast og berike kvarandre. Å bidra for andre gjennom frivillig innsats skapar ny meining i livet. Aukra frivilligsentral har også ei eiga utstyrssentral kalla BUA. Her kan ein låne gratis utstsyr til friluft og aktivitet.
Aukra kommune har etablert ei tilskotsordning kalla «kontantkassa» som skal bidra til at barn og unge mellom 6 og 18 år kan delta på ein fritidsaktivitet. Les meir om kontantkassa her
Kulturavdelinga har tilsette som jobbar med barn og unge på systemnivå og individnivå:
- Kulturskolen i Aukra. Les om kulturskolen sine rutinar her: Rutine for kulturskolen i Aukra. Trykk på lenka for meir informasjon om Aukra kulturskole
- Ungdomslosar. Les om ungdomslos sine rutinar her: Rutine for ungdomsLOS i Aukra. Trykk på lenka for meir informasjon om UngdomsLOS – Aukra kommune.
- MOT-koordinator og MOT-coach
- SLT-koordinator – SLT – Samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid – Aukra kommune
- Miljøarbeidarar som jobbar med Møteplass for ungdom. Rutine for arbeidet finn du ved å følge denne lenka: Rutine – Møteplass for ungdom.
Kommunal bolig
Personar som ikkje klarer å skaffe seg ein eigna bustad sjølv eller med anna offentleg hjelp eller har behov for ein bustad som er særleg tilpassa grunna alder, funksjonshemming og/eller andre årsaker, kan søkje om å leige kommunal bustad.
Under finn du lenkjer til retningelinjen kring dette.
Retningsliner for tildeling av kommunal bustadar i Aukra kommune
Meir informasjon om kommunen sine boligar og søkekriteria finn du ved å følge denne lenka: Kommunal bustad, startlån og bustønad – Aukra kommune